Ungdommens Holmenkollrenn 2024 (for 13- og 14 åringar)
Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Des 2023
Ungdommens Holmenkollrenn arrangerast 3. og 4 februar 2024. Dette er det nasjonale rennet for 13- og 14- åringar ( J/G 13/14), og Førde IL langrenn har lang tradisjon for å delta.
Overnatting
Førde IL langrenn har reservert rom i Holmenkollen Park Hotell som ligg i gangavstand frå skistadion. Prisar gjeld per rom per natt og inkluderer heilpensjon med frukost, matpakkelunsj, middagsbuffet og kornbuffet. Heilpensjon startar med middagsbuffet fredag kveld og sluttar med matpakke søndag.
Enkeltrom 1675,-
Dobbeltrom 2550,-
Tresengsrom 3825,-
Påmelding er bindande og avbestilling må skje seinast sju dagar før ankomst.
For reservasjon av rom, send epost til maramshusa@gmail.com. Frist: 15. januar 2024
Påmelding til renn
Kvar enkelt melder seg på til renn via isonen.no. Link til påmelding finn du på nettsida.
Transport
Ordnar ein privat. Planlegg gjerne samkøyring.
Det kan være lurt å reise torsdag eller tidleg fredag, slik at ein rekk å gå gjennom løypa før rennet.
Skismøring
Foreldre må sjølv ordne med skismøring. Førde IL langrenn har meldt inn ynskje om smørebod.
Smøretips finn du på https://superski.no
Refusjonsordning
Førde IL langrenn støttar sine utøvarar med kr 1000 ved deltaking i Ungdommens Holmenkollrenn. Søknad og kvittering for utgifter sendast til Asgeir.Tveit@vestrev.no .
Førde Langrenn inviterer til Ribberennet 2023
Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Des 2023
Førde Langrenn inviterar til det tradisjonsrike Ribberennet
ved Langeland skisenter andre juledag. Ribberennet inngår i SSF cup for juniorerog rekrutter.
Vi håper at alle utøvere, fra dei yngste til seniorer og veteranar stiller opp for å løyse opp julefloka og trimme ribbefettet. I tradisjon tro arrangerast Ribberennet andre juledag, 26. desember.
Starttidspunkt: 13.00
Stad: Langeland ski- og fritidssenter
Under finn ein innbyding, dugnadsliste og lenke til påmelding i samband med arrangementet. Artikkel vil oppdaterast med løypekart når ver og føreforhold er meir avklart.
Innbyding Ribberenn SSFcup.pdf
Påmelding: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2023/12/ribberennet-2023/
Dugnadsliste ribberennet 2023.pdf
Dugnadslister for sesongen.
Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Des 2023
DUGNADSLISTE SKIRENN 2024.
Skisesongen er i gang og vi er klare for skirenn på Langeland. Dei fleste som har barn som er med på trening i regi av langrennsgruppa blir sett opp på ei eller fleire dugnadsvakter på Førde Langrenn sine arrangement.
Dersom oppsett vakt ikkje høver for deg prøv og bytt innbyrdes- gi gjerne beskjed til rennleder ved byte:)
Tusen takk til alle som stiller på dugnad, uten dokke hadde vi ikkje klart arrangere skirenn for barn og unge:-)
Ribberennet 26 desember:
Dugnadsdliste for Karusellrenna:
Dugnasliste karusellrenn nr 1 - 2024.pdf
Dugnasliste karusellrenn nr 2 - 2024.pdf
Dugnasliste karusellrenn nr 3 - 2024.pdf
Dugnasliste karusellrenn nr 4 - 2024.pdf
Dugnasliste karusellrenn nr 5 - 2024.pdf
Dugnasliste karusellrenn nr 6 - 2024.pdf
Karusellrenna samla;
Dugnasliste karusellrenn 2024 samla.pdf
Dugnadsliste for Sone og Kretsrenn;
Dugnadsliste krets og sonerenn 24 samla 2.pdf
Her finn ein gjeremålsliste for alle som skal vere med og arrangere renn for Førde IL Langrenn:
gjerema-lsliste-karusellrenn-og-kretsrenn-2024.pdf