Bli med på dugnaden i Blomlia!

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 18. Okt 2024

Sunnfjord skisenter - Blomlia er 100 % dugnadsdrevet, og Førde Idrettslag er den stolte eigaren av anlegget. For at vi skal kunne halde oppe tilbodet og skape gode opplevingar for alle som besøker oss, treng vi fleire frivillige til å bidra i anlegget. No treng vi fleire dugnadsfolk, mellom anna i skiutleiga, kiosk og heisvakter.


I år har vi oppgradert servicebygget vårt, og vi håper at både gamle og nye dugnadsheltar vil vere med på laget for å sikre at alt går på skinner i skisesongen.

Som takk for innsatsen får du mellom 1 til 2 sesongkort, avhengig av kor mange vakter du tek på deg. Dette er ein flott måte å støtte idrettslaget på, samtidig som du får mykje glede ut av det sjølv.

Vi treng deg!

Er du interessert? Ta kontakt med Tasle Torrissen Knapstad på e-post, eller på telefon 917 85 213.