Overnatting Ungdommens Holmenkollrenn
Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Des 2018
Overnatting i høve BAMA Ungdommens Holmenkollrenn Oslo - 15-17 februar 2019.
Ungdommens Holmenkollrenn er landsrenn for årsklassane 13 og 14 år i Holmenkollen (f.2006 og 2005)
Vi har henta inn tilbod frå Scandic Holmenkollen Park hotel - som ligg ca. 5 min. gange i frå arrangementsområdet og er dermed ein praktisk stad å overnatte i høve dette arrangementet – i tillegg er det sosialt og kjekt om fleire bur på same staden.
Førde IL langrenn har mottatt følgande tilbud for overnatting 15-17 februar:
Pris kr 1.025,- per person per natt i flersengsrom. Enkeltromstillegg kr 300,-.
Dette inkluderer.
- Overnatting
- Frokostbuffet
- Matpakkelunsj med påfyll termos
- Middagsbuffet med en drikke (saft e.l.)
- Kornbuffet til kvelds.
Dei som ønskjer overnatting ut over desse dagane, må tinge dette sjølv.
Ein er oppmoda om å gjere ein felles reservasjon - dermed fint om dei som ønskjer overnatting melder dette innan fredag 21.12.18. (Individuell betaling pr familie ved avreise). I fjor deltok 15 løparar frå Førde. Vi håpar på ein minst like stor delegasjon som deltek i år.
Legg inn nann, antall som overnattar og tlf. nr. i kommentarfeltet på Facebook.
https://www.scandichotels.no/hotell/norge/oslo/scandic-holmenkollen-park
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.