Utedagen 2019
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Des 2018
Sogn og Fjordane Skikrins skal kommande vinter setje i gong prosjektet Utedagen, eit konsept utarbeidd av skikrinsen lagt til rette for bruk i skule med fokus på fysisk aktivitet vinterstid.
Prosjektet vart utarbeidd etter at prosjektet Ski i Skulen vart avslutta vinteren 2018, då ein ikkje lenger fekk prosjektmidlar til dette.
I samband med prosjektet inviterar skikrinsen grunnskulane i Sogn og Fjordane til deltaking i prosjektet. Tilbodet skal primært vere for 4.og 5. klasse, men opplegget vil bli tilpassa kvar enkelt skule.
Behov for instruktørar
For å kunne gjennomføre prosjektet er ein avhengig av instruktørar, og desse vil skikrinsen rekruttere gjennom lokale skigrupper. Det vil bli gitt opplæring, og utgifter blir dekka.
Kor tid?
Fagdag på ski med kursleiarar frå Norges Skiforbund vert arrangert torsdag 24. januar 2019. For å nå flest mogleg er det lagt opp til to like økter.
Sogndal Skisenter, Hodlekve – kl. 11.00-14.00
Breimsbygda Skisenter, Utvikfjellet – kl. 18.00-21.00
Sjølve Utedagen blir gjennomført i samband med skulane sine skidagar i perioden februar-mars.
Kan dette vere noko for deg?
Dersom dette høyrast interessant ut, eller du vil vite meir ta kontakt med Arne Helgheim på e-post
Arne.Helgheim@credicare.no innan 7. januar 2019.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.