Oppløftande start for nye Førde
Postet av Førde IL - Handball den 25. Aug 2021
Det nykomponerte Førde-laget imponerte i 45 minutt mot Tertnes.
Førde-Tertnes 16-37 (9-15)
Berre to spelarar var att frå det Førde-laget som spelte i 1. divisjon 2019/2020 då Førde onsdag møtte toppserielaget Tertnes frå Bergen i cupkamp. Keeper Andrea Boge Solås (kåra til beste spelaren på Førde) og Oda Vindheim er sentrale i det nykomponerte laget. Martine Vindheim er og framleis med, men fekk ikkje fri frå lærarjobben i Bergen for å reise heim til Førde. Difor var ikkje forventningane dei heilt store før møtet med Tertnes. Men særleg i første omgang og første delen av andre omgang hengde Førde overraskande godt med . Også trenar Øyvind Fougli Wraalsen var overraska over kor godt jentene matcha laget frå Bergen. – Men utover i andre omgang vart det tungt, og då kom Tertnes lett til og auka forspranget frå7 til 21 mål.
Slitne Førde-spelarar gjorde fleire feil i angrepsspelet, og då vart dei kontra i senk. Likevel kan laget ta med seg ei positiv oppleving frå kampen, og kanskje kan målsettinga framfor seriespelet i 2. divisjon bli heva eit lite hakk?
Kor sterkt var så dette Tertnes-laget som vann med 21 mål? Dei spelarane som stilte i Førdehuset var ukjende namn for dei fleste. Trenar Tore Johannessen seier at dei mangla tre-fire spelarar, bortsett frå dei var det eliteserielaget som slo Førde. Også Tertnes har hatt stor utskifting i laget i løpet av koronapausen. Johannessen var misnøgd med utteljinga i første omgang , men totalt sett nøgd med gjennomføringa av kampen.
Leiar Geir Eikås i Førde IL Handball gir Fanny Skindlo premien som beste Tertnes-spelar
Andrea Boge Solås vart kåra til beste spelaren på Førde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.