To femmålstap i sesongopninga
Postet av Førde IL - Handball den 11. Sep 2022
Trenar Øyvind Indrebø seier at det alltid er surt å reise heim utan poeng, men at dei fekk ein del gode svar, og at dei har god tru på å ta nye steg fram mot første heimekampane 8. og 9. oktober.
- Det var to ulike kampar. Mot Nærbø starta vi svakt, men hadde ein god andre halvdel av omgangen, det var mykje det same i andre omgang. Men det svingar for mykje, særleg i angrep. Det er eit resulkta av at vi har for få kampar saman, spelarane er litt utrygge på kvarandre..
Øyvind gir spelarane pluss i margen for god moral, men minus for returløp.
- Det vart for mange kontringsmål mot oss
I søndagskampen mot Hinna starta det bra, pauseresultatet var 10-10.
- Vi spelte veldig god i forsvar i begge omgangane, vi la oss i 5-1 og gjorde kjempestore framsteg frå kampen mot Nærbø. Forsvaret sat veldig bra. I angrep tok vi nye steg. Hinna er eit betre lag enn Nærbø. Men vi hadde ein kritisk fase midtvegs i andre omgang. Då gjer vi det litt for vanskeleg.
Men samla sett ser Øyvind Indrebø mange lyspunkt.
- Vi har god moral i laget, og vi veit kva vi skal jobbe med framover. Til dei neste kampane reknar vi med å ha Sara Dyrhol Vatne og Rebekka Øen klare etter skade.
Kampfakta:
Nærbø-Førde 30-25 (15-13). Mål for Førde: Oda Vindheim 9, Amalie Ness 3, Benedicte Frøyen Bergset 3, Maren Totland Aase 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Ingrid Sofie Indrebø 2, Emma Gloppestad 2.
Hinna-Førde 22-17 (10-10). Mål for Førde: Benedicte Frøyen Bergset 5 (3 på straffe), Emma Gloppestad 4, Oda Vindheim 3, Ingrid Sofie Indrebø 3, Amalie Ness 1, Maren Totland Aase 1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.