ENIVEST skiskule og rulleskirenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Okt 2024

Enivest skiskule 2024
Det er veldig gledeleg og nok ein gong få ønskje velkommen til Enivest skiskule, i lag med Gjøran Tefre og Førde IL langrenn!


Vedlagt her ligg rammeprogram og innbydinga med all informasjon om skiskulen. 

ENIVEST Rulleskirenn 2024

Førde IL og Gaular IL inviterer til ENIVEST RULLESKIRENN ved Langeland ski- og fritidssenter
TID: Søndag 13. oktober 2024. Første start kl 11.00 STILART: Friteknikk
OPEN KLASSE: Om ein ikkje ynskjer å gå full distanse for si årsklasse, kan ein melde på i open klasse og velje ein kortare distanse.
UTLÅN AV RULLESKI: Ved dette arrangementet skal alle utøvarar bruke arrangøren sine rulleski. Dvs. Swenor rulleski m/ 2`ar hjul framme og bak, ev. Swenor sine juniorski (for yngre årsklassar).
INTERVALLSTART: Intervallstart, 30 sek. Første start kl. 11.00


For alle årsklassar er det mogleg å prøve rulleski frå kl. 10.00. Her kan ein få prøve aktivitetsløype på rulleski, samt ei rakettløype på stadion med startnummer på brystet. Påmelding/registrering på stadion frå klokka 10.00. Vi har ski til utlån og det vil vere instruktørar til stades.


For påmelding: https://isonen.no/event/cm0li6hx502edubrub7fjhds9/


Vel møtt!

Rammeprogram 2024 Fredag-søndag.pdf

Innbyding Enivest Skiskule 2024 (1).pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.