Sesongavslutning med premiefest
Postet av Anders Bjørkhaug den 27. Mar 2025
Førde Langrenn avsluttar skisesongen 2024/25 med premiefest og sosial hygge!
Vi møtast for litt kakar og brus/kaffe med sosial aktivitet og premieutdeling.
Stad: Førde Camping
Tid: Torsdag 10. april kl 18-20
Sjølv om vi har hatt mindre snø enn vanleg har vi fått gjennomførd 4 karusellrenn, og dei som har delteke på 3 eller fleire av karusellrenna vil få samanlagdpremie. Vi fekk dessverre ikkje gjennomført merkerenn i år. Styret har likevel beslutta å tildele skimnerke for dei som har fullført merkekrav ved ordinære karusellrenn. Vi gjer også eit unntak for dei som berre går 1km med tilpassa tidskrav.
Vi håper store og små vil vere med oss og feire at ei begrensa skisesong er over, og at vi heier på at vinteren 2026 vil bli svært mykje betre!
Beste helsing
styret i Førde Langrenn
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.