Sesongstart Movika 9. april
Postet av Førde Idrettslag den 7. Apr 2025
Førde IL Orientering har sesongstart for nærløp-sesongen onsdag 9. april frå kl 18.00 ved Sunnford Museum i Movika. Løypertil alle nivå. A-løype 3,9 km, B-løype 2,2 km, C-løype 1,6 km og Nybyrjarløype på 1,4 km. Påmelding via Eventor, eller ved frammøte. Det er flott i skogen no, så velkomen til alle!
Klubben har også tilgjengeleg lagsdrakter, og vi vil ha med eit utval til prøving av storleikar.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.