Kriterium for utnemningar/tildelingar av heidersteikn:


1. ÆRESMEDLEMSKAP

Tildeling av æresmedlemskap skal vedtakast av styret i Førde IL hovudlaget. Alle enkeltpersonar eller gruppestyrer kan kome med framlegg med grunngjeving av  kandidatar til hovudstyret. Det er ikkje eit vilkår at kandidaten er medlem av laget.

Synleg teikn på «æresmedlemskap skal vere ein vegg-plakett som inneheld grunngjeving, samt klubbmerket i gull. 

Utdeling skal skje på årsmøte, årsfestar eller anna festleg tilstelling der både hovudstyret og lokalpressa har tilgang.


2. HEIDERSPRIS

Heiderspris med vegg-plakett skal vedtakast av styret i Førde IL hovudlaget. Alle enkeltmedlemmar eller gruppestyrer i laget kan kome med framlegg med grunngjeving på kandidatar. Heidersteikn i gull kan berre tildelast medlemmer av laget etter følgjande kriterium: Langvarig og framifrå sportsleg eller administrativ innsats for klubben (Langvarig = Minst 20 år) 

Synleg teikn på «heidersteikn i gull» skal vere ein vegg-plakett med kort grunngjeving, samt klubbnål i gull. 

Utdeling skal skje på årsmøte, årsfestar eller anna festleg tilstelling der både hovudstyret og lokalpressa har tilgang.


3. ÅRETS ELDSJEL

Eldsjelprisen går til ein person som har utført ein framifrå sportsleg eller administrativ dugnadsinnsats det siste året. Alle enkeltmedlemmar eller gruppestyrer i laget kan kome med framlegg med grunngjeving på kandidatar, og innstilling blir gjort etter vedtak i Førde IL hovudlaget. «Årets eldsjel» kan berre tildelast medlemmer av laget, og det skal berre utdelast ein pris kvart år. Synleg teikn på «årets eldsjel» skal vere ein vegg-plakett som inneheld ei kort  grunngjeving, samt eit gåvekort pålydande kr. 1.000. 

              

4. TOPPIDRETTS-STIPEND

Tildeling av toppidretts stipend skal vedtakast av styret i Førde IL hovudlaget. Alle enkeltpersonar eller gruppestyrer kan kome med framlegg med grunngjeving av  kandidatar til hovudstyret. Det er eit vilkår at kandidaten har representert Førde IL innan den aktuelle idrettsgreina, og at ein framleis er aktiv medlem av laget på utdelingstidspunktet. 

Med «toppidrett» meiner vi junior- eller seniorutøvarar som har representert og prestert på eit høgt  internasjonalt nivå innan sin idrett sidan førre utdeling vart kunngjort. Stipendet har ein storleik på minimum kr. 10.000 og kan tildelast ein eller fleire utøvarar. 

Synleg teikn på «toppidrett stipend» skal vere ein proforma gåvesjekk, men stipendet blir utbetalt direkte til vinnaren sin bankkonto. Utdelinga er årleg. Kunngjering skal skje på årsmøtet til  Førde IL hovudlaget, men utdeling skal skje i samband med 17. mai arrangementet på Førdehuset. Vinnaren vert invitert til å gå under fana til Førde IL i folketoget same dag.


Vedteke på årsmøtet til Førde IL, hovudlaget – 22.03.2018

Endring av kriterium må gjerast på årsmøtet  til Førde IL hovudlaget.


Førde IL - Reglement for heidersteikn og æresmedlemsskap.pdf