Kategori
Informasjon fotballsesongen 2020 - Aldersbestemt avdeling
Postet av Førde IL - Fotball den 21. Jan 2020
VELKOMEN TIL FOTBALLSESONGEN 2020
v/Geir Vindheim Leiar Breiddeutval
Førde IL Fotball ynskjer alle gamle og nye utøvarar velkomen til fotballsesongen 2020. Ungdomslaga 13-17 år er no i gang med treningar . Alderstrinna 6-12 år vil ha oppstart i mars.
Klubben har sidan august 2019 jobba med revidering av sportsplan. Fokuset i revideringa har vore dei kapittel som omhandlar barne – og ungdomsfotballen, samt retningslinjer for cup deltaking. Vi har gjennom hausten evaluert sesongen 2019 med alle involverte trenarar i 2019, samt at føresette har fått moglegheit å komme med innspel.
Drift og utvikling av klubben vår med over 1100 utøvarar vil krevje mykje av mange. Det være seg alt frå tilsette, styre, breiddeutval, medlemmar og føresette. Klubben starta ein prosess i 2018 i regi av breiddeutvalet for å ta grep for styrke aldersfastlagd avdeling. Klubben har i mange år slått seg på brystet som ein av landets største breiddeklubbar, og der er vi framleis. Men vi har hatt mykje å gå på når det blant anna gjeld utdanning og oppfølging av trenarar. Kommunikasjon og informasjon ut til involverte partar er utfordrande, men klubben jobbar kontinuerleg for å få på plass gode kommunikasjonsrutinar. Dette vil skape mindre usikkerheit og spekulasjonar.
Nokre suksessfaktorar for å lykkast i 2020
- Framtidsretta – Vi får ikkje gjort om fortida, men vi kan saman skape noko i 2020. Kvart einaste år brukar klubben mykje energi på å bli samanlikna med det som har blitt gjort tidligare. Viktig at alle involverte parter har fokus på det vi kan påvirke framover.
- Kommunikasjon/Informasjon – Sørge for at vi har kanaler som gjev informasjon på rett plass til rett tid.
- Utdanning og oppfølging av trenarar.
Klubben jobbar med å vidareutvikle ein god fotballkultur. Her må alle heie på kvarandre – og være positive bidragsytarar .
Vi skal spele oss gode i lag, så snakk med oss – ikkje om oss. Vi lyttar og vil ha dialog. Det er lov å være ueinig, men saman finner vi gode løysingar.
Lykke til med fotballsesongen 2020 – Heia Førde
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
STATUS OG TANKAR OM 2020 SESONGEN FRÅ
SPELAR OG TRENARUTVIKLAR BJØRN TOTLAND
Eg er veldig positiv inn mot sesongen 2020. Eg ser at vi har gjort store framsteg i 2019. Vi har brukt masse tid på å sjå på korleis ting blir gjort i klubben, og heile vegen spurt oss kva vi kan bli betre på.
Utdanning har stått i fokus, og veldig mange har fullført grasrotkurs eller teke delar av denne. Fleire trenarar har teke høgare utdanning. Dette er vi heilt avhengig av for å skape eit trygt og gode miljø for spelarane våre. Samtidig får vi meir kompetanse som fører til meistring, tryggheit og utfordring. Då blir det utvikling.
Vi har jobba med sportsplanen vår, og den har blitt veldig tydelig. Vi har ein tydeleg raud tråd på korleis vi skal trene, på kva spelarane skal gjennom i kvart alderstrinn. Dette vil ikkje berre skape tryggheit for spelarane våre, men og for trenarane våre. Våre trenarar skal vite kva dei skal jobbe med, og få god veiledning og hjelp i arbeidet sitt.
Vi har veldig mange gode trenarar i klubben, engasjerte og positive. Vi har satt saman veldig mange gode team, som ikkje berre tenkjer på «mitt lag». Vi tenkjer klubben og bryr oss om laget over og under oss. Det er ulike nivå på laga i klubben, og spelarar vil til tider vere involvert i fleire lag. Eg er trygg på at vi no har fått på plass mange trenarteam som ser heilheiten og tek vare på spelarane våre.
Mange av trenarane våre er eksterne, og spennande trenarar som brenn for fotballyrket. Saman med foreldretrenarane skaper vi gode team. Sjølv om vi har eksterne trenarar på ein del lag, så er vi sjølvsagt 100 % avhengige av foreldra rundt laga våre. Engasjerte foreldre som og utdannar seg og bidreg som trenarar, lagleiarar, arrangement og heiagjeng.
Eg vil og nemne akademiet vårt. Det er og ein veldig god utviklingsplattform for unge trenarar og spelarar. Eg opplever og at der er det masse glede blant spelarane frå 9-12 år. Eg får personleg veldig masse påfyll av energi gjennom responsen eg får på desse treningane.
Eg har ikkje opplevd å vere i ein klubb som er betre rigga for å skape idrettsglede enn det Førde er før sesongen 2020. I 2020 vil vi og utdanne mange fleire trenarar. Vi skal sjå spelarane og trenarane våre på feltet. Vi skal trene masse og ha det moro. Førde IL Fotball skal vere ein inkluderande klubb. Ein klubb som er spennande å vere med i enten du satsar for å bli proff eller om det er den staden du møter vener. Det skal vere ein plass der du som trenar trivast, og ein plass der unge, ambisiøse trenarar ønskjer å kome for å vere med i eit spennande miljø.
Ser fram til kjekk og spennande sesong i lag med Dykk.
Mvh helsing
Bjørn Totland
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
SPORTSPLANEN FØRDE IL FOTBALL
Førde Fotball sin sportsplan vart sist revidert . Sportsplanen skal være klubben styringsverktøy og hjelpemiddel for trenare og lagleiare. Revidering av sportsplan har fram til og med 2017 godkjennast av årsmøte. Dette vart endra på i årsmøte til FIL Fotball 2018. Årsmøtet gav der styret fullmakt til å godkjenne endringar i sportsplan. Bakgrunn for dette er at endringar i sportsplan må/bør tas inn mot ny sesong, og ikkje på årsmøte i mars då det meste av planlegginga av ny sesong er ferdig.
Sportsplan vil no være under kontinuerleg revidering. Klubben har sidan august 2019 jobba med å revidere punkta som omhandlar aldersfastlagd avdeling. Desse endringane ble godkjent i styremøte i nomvember 2019. Sportsplanen finn du på heimesida til Førde fotball www.forde-fotball.no under meny klubben. Punkta som er revidert no er kapittel 8,9 og 22.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Barnefotball 6-9 år
Oppstarten for barnefotballen blir i mars. Vi kjem med nærmare dato og detaljert informasjon etter kvart. Dei som er født i 2014 har sitt første år med organsiert trening. Det vil bli sendt ut informasjon til alle barnehager når oppstartsdato blir. Det blir lagt opp til en trening i veka.
Nytt i 2020 sesongen er at Grendaserien vil for dei som er født 2013 bli som treer fotball. Vi følger dermed kretsens anbefaling på treer for 6 og 7 åringer. Dette er også spelformen i turneringar som disse kan delta på. Når det gjeld born født 2011 og 2012 skal disse fortsatt spele 5 er fotball. Kampdag for Grendaserien vil være tysdag.
Lagssamansetning i kamp kan være basert på skuleklasse, men i trening skal opplegget være på tvers av klasser. Det er viktig å gje likt tilbod til alle ved ein skulekrets.
Klubben har stort fokus på utdanning av trenare også for barnefotballen. Alle som ynskje å ta trenarkurs kan ta kontakt med Bjørn Totland.
Det vil være to kongleriketurneringar før sommaren og to etter som laga deltar på, samt vår eigen turnering som i år er 13 og 14 juni.
Barnefotball 10-12 år
Oppstarten for denne gruppa vil også være mars, og vi kjem med nærmare dato og detaljert informasjon etter kvart. Alle som er født i 2010, 2009 og 2008 er inne kretsen sine seriesystem. Det vil være oppstart i serie rundt påske. Det spelast 7 er fotball for dei som er født i 2009 og 2010, men for dei som er født i 2008 kan det velgast mellom 7 er og 9 er. Kampdagane er G2010 og J2009 måndag, G2009 og J2010 onsdag, mens J/G 2008 begge har torsdag.
Oversikt over turneringar vil bli sendt ut til lagledere og trenare.
Klubben har stort fokus på utdanning av trenare også for barnefotballen. Alle som ynskje å ta trenarkurs kan ta kontakt med Bjørn Totland.
Ole Bjørn Otternes er ansvarleg for barnefotballen. Alle trenare og lagledere får nødvendig informasjon via Spond grupper som Ole Bjørn administrerer. Ole Bjørn gjennomfører møter med trenare, og vil formidle treningstider i løpet av februar.
Lurer du på noke ifm barnefotballen ta kontakt med Ole Bjørn på e-post oleotternes@hotmail.com
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
UNGDOMSFOTBALL
Samansetning av lag er gjort med utgangspunkt i sportsplanen kapittel 9. Klubben strekker seg lang for å finne trenarressursar, men det vil også i ungdomsfotballen være stort behov for foreldre som bidrar både som hovudtrenar og hjelpetrenar. I dei neste avsnitta informerer vi litt om kvart kull det kommande året.
G13/14 (2007 og 2006)
I G13/14 har klubben lag basert på reine årskull. I kvart årskull settast det saman eit Førde 1 lag som skal spele 11 er fotball med kampdag søndag. Dette dei 16 beste spelarane i kullet etter gitt kriterier. Dette er ikkje ei statisk gruppe, så kan og vil det komme justeringar i løpet av sesongen om utviklinga til spelaren tilseier det. Dei resterande spelarane på kvart kull vil danne 9’er lag som har kampdag måndag. Kriterie for å sette saman lag er gitt i sportsplan.
Det både positive og negative negative sider ved å ha reine årskull. Gjennom evaluering av 2019 sesongen har klubben valt å fortsette med reine årskull, men vi revidert sportsplan har vi presisert korleis vi skal søke å dempe den store forskjellen i kamp. (ref kapittel 9.2 i sportsplan)
Vi har for sesongen 2020 følgande trenarteam på plass:
G13 11 er Ørjan Vikum og Alexander Lekva mfl.
G14 11 er Lars Ove Nistad, Torgeir Sørheim, Jan Nikolai Hvidsten,
Ottar Klopstad mfl.
G13/14 9 er Johannes Amundsen mfl.
Når det gjeld 9’er laga så vil disse få tildelt treningstider 3 dagar. I to av disse vil klubben stille med trenarressurs i Johannes Amundsen mfl., samt at Ørjan Vikum/Alexander Lekva vil ha ansvar for å opplegg. Ein av dei vil også stille på ein av treningane til tider. Vi er avhengig av foreldre på 9 er lag til å gjennomføre 2 treningar i veka + kampleiing. Ut frå sannsynleg tal spelarar vil det for 2020 sesongen bli fire 9 er lag.
Treningane starta opp i veke 3 . Treningstidene vil fram til og med mars være følgande:
G13 Heile kullet Måndag 1600-1730
G14 Heile kullet Måndag 1730-1900
G13/14 9 er lag Tysdag 1900-2030
G14 11 er lag Tysdag 1900-2030
G13 11 er lag Onsdag 1600-1730
G13 11 er lag Torsdag 1600-1730
G13/14 9 er lag Torsdag 1600-1730
G14 11 er lag Torsdag 1730-1900
J13/14 (2007 og 2006)
J13/14 har klubben lag basert på reine årskull. I J13/14 er det berre i J14 det skal tas ut eit Førde 1 lag med dei 16 beste spelarane. Det er ønskjeleg å stille 11ar for Førde 1, men dette er avhengig av at nok klubbar vil stille i 11 ar klassen. Alternativt vil alle lag stille i 9 er klasse. I J13 vil lag primært lag bli satt saman med utgangspunkt i skulekrets. Sjå elles sportsplan kapittel 9.3.
I J13 er vi glade for at trenarane som trente laga i 2019 blir med vidare.
Vi har dermed følgande trenarteam for J13/14 i sesongen 2020:
J13: Bjarte Norvik, Geir Fonn, Stian Wie, Atle Paulen og Roger Midtbø mfl. Disse trenarane vil serve x antall 9 er lag i serien når det er gjort opptelling på antall spelare. Fristen for å melde på lag er 31 januar.
J14: Bjørn Andre Storøy og Charlotte Skuggen mfl.
Treningane starta opp i veke 3. Treningstidene vil fram til og med mars være følgande:
J13 Heile kullet Måndag 1600-1730
J14 Heile kullet Måndag 1900-2030
J13 Heile kullet Onsdag 1600-1730
J14 Heile kullet Onsdag 1600-1730
J13 Heile kullet Torsdag 1730-1900
J14 Heile kullet Fredag 1730-1900
G15/17 (2005 og 2004)
I G15/17 har klubben ikkje lenger reine årskull. Her er det tatt ut troppar til Førde 1 og Førde 2 som blir meldt på i G15/17 1 divisjon, mens Førde 3 og Førde 4 blir meldt på i 2 divisjon.
I G15/17 vil det også være slik at fleire av spelarane vil bli involvert for seniorlaga. Dette gjelder både Førde 1 i 4 divisjon og Førde 2 i 5 divisjon. Her vil det være god dialog mellom trenarar, samt spelarutviklar Bjørn Totland. Det vil være god kontroll over belastning på spelarane. I G15/17 1 divisjon er troppane litt større enn det som er utgangspunkt i sportsplan kapittel 9.4. Dette er gjort med bakgrunn i at 6 til 8 spelarar i Førde 1 troppen vil hospiter med seniorlag enkelt økter i veka.
Vi har for sesongen 2020 følgande trenarteam på plass:
G15/17 Førde 1 Jan Taule, Bernt Helge Nilsen, Kent Thomas Brattreit mfl.
G15/17 Førde 2 Benny Rivedal mfl.
G15/17 Førde 3/4 Joeri , Per Magne Hervik, Narve Kirkebø, Geir Ove Holme mfl.
Alle laga har tilbod på 4 treningar i veka fram til og med mars. Følgande tider frå veke 3:
G15/17 Heile kullet Tysdag 1600-1730
G15/17 Heile kullet Onsdag 2030-2200
G15/17 Heile kullet Torsdag 2030-2200
G15/17 Heile kullet Laurdag 1330-1500
J15/17 (2005 og 2004)
I J15/17 har klubben ikkje lengre reine årskull. Det vil være ein miks av 2004 og 2005. Jentene vil få fleire arenaer som NM-kvalifisering, Adidascup mfl turneringar. I serien vil det i vårsesongen være avdelingar satt opp basert på geografi, mens i haustsesongen spelar dei beste laga i 1 divisjon.
I J15/17 vil det også være slik at fleire av spelarane kan bli involvert for seniorlaget. Her vil det være god dialog mellom trenarar, samt spelarutviklar. Det vil være god kontroll over belastning på spelarane.
Vi har følgande trenarteam for J15/17 i sesongen 2020:
J16 Bjørn Totland, Terje Norevik, Kai Kilnes, Jostein Hillersøy, Stig Hafstad,
Arild Holsen, Tony Kiil mfl.
Treningstidene vil fram til og med mars være følgande:
Heile kullet Måndag 1900-2030
Heile kullet Tysdag 2030-2200
Heile kullet Torsdag 1900-2030
Heile kullet Enkelte helger
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.