Foreldrekurs i Langrennsgruppa.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2020

Foreldrekurs i langrennsgruppa

Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland onsdag 21. oktober.

 

Tidspunkt:

Onsdag 21. oktober 2020, Kl. 17.00-20.30

 

Stad:

Langeland Skisenter

 

For kven:

Kurset er retta mot foreldre/ føresette som bidreg eller kan tenkje seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa.

Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta.

 

Kursinnhald:

  • Kva det vil seie å vere ein trenar for born
  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (som førebuing til langrennsaktivitet)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå

 

Program:

Kl. 17.00-18.00: Teoridel inne, «Barneidrettens verdigrunnlag og trenarrolla» v/ Ingrid Narum

Kl. 18.00-20.30: Praktisk økt ute, «Langrennstrening for barn på barmark» v/ Roger Pollen

 

I den praktiske økta nyttar ein gruppene som har trening parallelt med kurset.

 

PÅMELDING innan 19. oktober.

 

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.

Retningslinjer for kursdeltakarar:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.