Innkalling til årsmøte 2021 - Førde IL Orientering
Postet av Førde IL Orientering den 22. Jan 2021
VIKTIG: I henhold til forskrift om smitteverntiltak pr 21. januar 2021 vil årsmøtet bli gjennomført med maksimalt 10 personar. For å sikre ei forsvarleg gjennomføring er førehandspåmelding nødvendig.
Påmelding sendast til knuteh@hotmail.com
Styret kallar inn til årsmøte i Førde IL - Orientering.
Årsmøtet vert måndag 15. februar kl. 18.00 på FIL-huset i Hafstadparken.
Saker som eit medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 1. februar til knuteh@hotmail.com
Det vil bli vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet på nettsida vår: https://orientering.fordeidrettslag.no/
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlem under 15 år har møte- og forslagsrett.
Med vennleg helsing
Styret Førde IL - Orientering
Årsmøteinnkallinga kan lastast ned her: Innkalling årsmøte 2021.pdf
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.