Harde duellar og mykje handballmoro
Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2022
For 2013-kullet har det blitt tradisjon med cup internt i klubben mellom jente- og gutelaga to gonger i året, ofte før jul og på tampen av sesongen. Onsdag 23. mars var det klart for nye duellar. Ein merkar på spelarane at det står mykje prestisje på spel, og innsatsen er skrudd opp eit hakk eller to. Jamne kampar med godt forsvar og angrepsspel. Ein ser stor framgang frå eit halvt år tilbake.
Nokre av spelarane har spelt handball i fleire år allereie, og nokre er nye denne sesongen. Til saman rundt 30 spelarar i kullet. Etter eit par amputerte sesongar på grunn av Covid har dette vore ein normal sesong.
To gutelag og tre jentelag har delteke i cupar i Gaular, Høyanger, Førde, Askvoll, Florø og Eikefjord. Denne sesongen er på hell, og laga i denne aldersgruppa tek pause etter påske. Vi ser allereie fram til neste sesong.
Takk til foreldre som stilte som publikum og dei to dommarane Violet og Matheus.
Tekst og foto: Halvard Seljesæther.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.