Nærløp, Nordfjord-løp og tur-o
Postet av Førde IL Orientering den 15. Mai 2022
Nærløp onsdag 18. mai kl 18.00 i Naustdal, Helgåsmarka. Merka frå brua over Nausta i sentrum. Løyper for alle. Hugs også o-skulen frå kl 17.15. Påmelding via denne linken.
Rotekoppen som skulle arrangerast torsdag 26. mai er utsett til laurdag 27. august.
Onsdag 1. juni vert det nærløp på heilt nytt kart i Gjesdalsdalen på Jølster, merka frå Vassenden sentrum.
Pinseløp på Hedmarken (Stange/Løten) 3.-5. juni.
O-helg i Markane i Stryn laurdag 11. og søndag 12. juni. KM mellomdistanse laurdag 11.6.
Innbyding med påmeldingslink finn du her: Innbydelse o-helg Nordfjord.pdf
Klubben ønsker å legge til rette for sosialt opplegg kring desse løpa.
- felles buss (plass til 16 + sjåfør)
- overnatting i hytter på Stryn camping. Har reservert 3 hytter, plass til 15 (5i kvar hytte). Hyttene er reservert til 18. mai. Dei som ønsker overnatting i hytte gje beskjed til Gunnar Gytri, epost: gunnar.gytri@enivest.net; eller muntleg på løpet i Naustdal onsdag 18. mai. Håper at Førde kan stille med mange på desse løpa.
Det er også ungdomsleir og o-troll-leir på Ullsheim same helga.
Innbydinga til o-troll-leir finn du her. o-troll leir nordfjord.pdf
Innbydinga ungdomsleir kjem. Følg med på eventor.
Turorientering:
Opplegget for turorientering byrjar å ta form. For dei mest utolmodige kan vi melde at grøne løyper er sett ut i Hafstadparken, Førdehuset, Vieåsen og Farsund/Sunde, samt blå løype er klar på Soleide/Kletten. Raud løype rundt Koltjønna vil også vere på plass denne veka. Her kjem meir informasjon i eigen post innan kort tid. Bildet øverst viser post på Soleide.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.