Turorienteringa er klar!
Postet av Førde IL Orientering den 3. Jun 2022
Då er alt klart for årets turorientering-sesong. Postane er blitt lagt ut etter kvart som snøen har slept taket. Nokre område har vore klart ei stund, og siste veka er siste postane på plass. Postane vil henge ute til 10. oktober.
Turorientering er ein aktivitet utan tidtaking og utan faste turdagar. Du kan springe aleine eller saman med heile familien. Det er fleire kart der postane har ulik vanskegrad: Grøn tur er den lettaste typen der postane er plassert i urbant eller parkliknande område. Vanskegraden aukar gradvis via Blå tur, Raud tur og opp til Svart tur.
Turane i 2022 går på fylgjande kart og vanskegrad:
Hafstadparken Grøn tur
Vieåsen/Slåtten Grøn tur
Førde Sentrum Grøn tur
Sunde/Farsund Grøn tur
Sundsdalen (Koltjønna) Raud tur
Klappene (Soleide) Blå tur
Kråkenesmarka (Vasslia) Raud tur
Høgelia Svart tur
Alle kart som blir brukt i turorienteringa 2022 kan lastast ned frå nettet ved at du registrerer
deg på www.turorientering.no
Ved nedlasting får du ei PDF-fil og frå denne kan du skrive ut kart med innteikna postar. Det følger med kontrollkort for registrering av postkodane. Du kan også registrere postkoden med QR kode som finst på alle postane. Ved manuell registering må postkodane registerast på www.turorientering.no
Det er også høve til å kjøpe kart og kontrollkort på Intersport Førde (Erdal Sport)
På denne linken finn du karta til årets tur-o-sesong i Førde.
Grøn tur i Hafstadparken.
1 Kommentar
Kommentarer
-
Egil Nestande
Her er det mange trivlege turar å glede seg til i sol og i Sunnfjordregn!
03 juni 2022
Logg inn for å skrive en kommentar.