Marginane på vår side - endeleg!
Postet av Førde IL - Handball den 19. Nov 2023
D2: Førde-Rygge 28-26 (14-15): Etter at vi har tapt to jamne heimekampar tidlegare i sesongen, kunne vi endeleg juble for to poeng i eit tett oppgjer. Estelle Ahlquist Lundh (biletet) vart kåra til vår beste spelar og kunne sleppe jubelen laus saman Kjersti Erichsen, resten av laget og publikum. Førde låg bak det meste av kampen, på det meste med fire mål (9-13). Ved pause stod det 14-15 på måltavla, m.a. etter tre strake nettkjenningar frå Estelle.
Etter fem minutt av andre omgang var vi eitt mål føre, men det veksla heile vegen. Vel eitt minutt før slutt utlikna Rygge til 26-26. Så scora Vilje Sande-Neset for oss med 39 sekund att. Ti sekund seinare vart Alex utvist, men vi greidde å erobre ballen, vi tok timeout med 14 sekund igjen, og tre sekund før slutt sikra Vilje sigeren med sitt andre mål på 36 sekund.
Dermed stod jubelen i taket, vi er no oppe på 12 poeng og på fjerdeplass på tabellen.
Etter som Øyvind stod over av helsemessige grunnar, var det Oddny Sønnesyn som leia laget. Ho er glad for at det vart to poeng.
- Vi går inn i ein periode no der vi møter laga på øvre del av tabellen, som blant anna Rygge. Då er to poeng akkurat mot dei viktige å ta med seg. Vi møter eit godt Rygge-lag, og kampen blei så tett som vi rekna med heile vegen. Vi låg på eit tidspunkt under med fire mål, men på det jamne så var det eitt eller to mål som skilte laga.
Vi spelar ein forholdsvis rotete og litt tam kamp i etablert angrep. Men vi står bra i forsvar og får køyrt ein del ankomster som skaffar oss ein del mål. I tillegg står Andrea ein god kamp bakerst. Når det kokar litt på slutten så klarar vi å bli enige om og gjennomføre eit par gode etablerte angrep der vi får rulla ut Rygge, og som fører til mål. Og då klarer vi å hale i land ein særdeles deilig seier
Stor kred til jentene som gjennomfører det vi blir enige om og held hovudet kaldt. No skal vi trene godt, spesielt på etablert angrep, før vi tek til på dei siste tre kampane før jul.
Måla våre: Estelle Ahlquist Lundh 10 (3 på straffe), Annette Kaalstad 6 (1 på straffe), Alexandra Afloarei 4, Vilde Sande-Neset 2, Kinga Lemiech 2, Amalie Haugsbø Ness 1, Marie Erichsen Myklebust 1, Tuva Tefre Kalstad 1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.