Tap mot eit betre lag
Postet av Førde IL - Handball den 16. Des 2023
D2: Førde-Åsane 24-33 (10-18): Annette Kaalstad (biletet) vart kåra til vår beste spelar i kampen mot Åsane, men ho og resten av laget kom til kort mot eit godt bortelag. Åsane var på andreplass på tabellen med 16 poeng før dette oppgjeret.
Kampen var i realiteteten tapt ved pause, då det stod 10-18 på måltavla. Det starta ikkje så ille, vi tok leiinga 2-0, og det stod 6-6 etter vel ti minutt. Men då kom ein periode der vi gjorde mange feil, skota sat ikkje, dermed fekk Åsane mange lette mål på kontringar.
I første delen av andre omgang auka Åsane leiinga til 11 mål, men derifrå og inn gjekk det betre for våre jenter. Åsane let sine nestbeste få spele ein god del, og vi knappa innpå. Til slutt vart det nimålstap.
Trenar Øyvind Indrebø konstaterte at vi tapte mot eit bedre lag.
- Vi gjorde for mange feil, særleg i første omgang. Åsane var gode i forsvar, og dei kunne ofte kontre på oss. Vi kom oss i andre omgang, men alt i eitt var det ein fortent siger til Åsane.
På plussida noterer vi at Oda Vindheim er i gang att etter å ha vore ute i fleire veker på grunn av sjukdom.
Tapet gjorde at vi fall ned på femteplass, etter som Rygge slo Reistad og kom opp på 15 poeng. Vi ståt med 14 poeng.
Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 8, Vilje Sande-Neset 4, Amalie Haugsbø Ness 2, Annette Kaalstad 2, Marie Erichsen Myklebust 2, Alexandra Afloarei 2, Kinga Lemiech 2, Oda Vindheim 1, Tuva Tefere Kalstad 1.
Tekst: Kjell Arvid Stølen. Foto: Sissel Bruland Gurvin.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.