TURORIENTERING
Postet av Førde IL Orientering den 28. Mar 2025
Då er dei første postane på plass og aktivisert på nett og i Tur-O appen. Vi tilbyr 6 Grøne turar no pluss heilårsturen på Langeland. Dei øvrige Raude turane i terrenget skal vere på plass i god tid før påske. Vi kan i år tilby fleire spennande nyheiter, som for eksempel fellestur med matservering, kurs i kart og kompass og nytt i Førde sentrum Tur-O High Five. Dette er opplegg i forbindelse med friluftslivets år, enkle postar på stader i Førde for å vise litt fram kva byen har å tilby.
1 Kommentar
Kommentarer
-
Egil Nestande
Ros og gratulasjon til Harald og TurOgruppa for flott opplegg og tidleg start på sesongen!
30 mars 2025