Sommeridrettsskulen 2025

Sommeridrettsskulen 2025


Arrangør: Førde IL - Idrettsskole
Påmeldingsfrist: 28.05.2025 14:00

Tid


Sted

Vis kart

Pris

Påmelding fra kr 1 500,00 inkl. avgifter

       Bufdir.no | Bufdir  Nyheter

 

 



Førde IL Sommaridrettskule 2025

 

For første gang har Sommaridrettskulen i Førde IL et samarbeid med Bufdir og Vestland idrettskrets. Skulen arrangerer vi dei 2 første vekene etter skuleferien og blir i år i tidsrommet måndag 23. juni og fredag 4.juli 2025 (veke 26 og 27). 

 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet. 

 

Sommaridrettskulen gjennomførast på dagtid, klokka 09:00 – 15:00. 

 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti, symjing, turn og Sunnfjordparken, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

 

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil vere inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi spesialinstruktørar innan enkelte aktivitetar.

 

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

 

 

PRISAR: Kr. 1500,- for (måndag til fredag), altså kr 300 pr dag og kr. 2900 for 2 veker  (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist er onsdag 28. mai 2025. 

 

Dersom påmelde ikkje er medlem av Førde IL må medlemskontingent på kroner 150,- betalast i tillegg. Kontingenten inkluderer barneidrettsforsikring på våre arrangement. I følge NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat. 

Viss nokon av dykk skulle ha betalingsutfordringar ta kontakt med per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no så finn vi ei løysing. 

 

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida til Førde IL -> gruppe FIL Sommaridrett: Påmelding FIL Sommaridrettskule 2025Påmeldinga er bindande. Vi bemannar arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så tilfelle med "uføresett sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje Førde IL ta økonomisk risiko for. 

 

 

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Fredrik Hanssen på mobil 90265493 eller på e-post fredrik_hns_93@hotmail.com 


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.